OM MEG

(scroll nedover)

Himmelen som ingen kan kontrollere
Som kvar einaste dag gir fjord og fjell nye uttrykk
Som gir meg lyst
til å kome meg på jobben fjellet sjøen
eller
berre ligge under den gode varme dyna
rusle sakte ned trappa og fyre i omnen
sjekke mailen
sjå ein film
ta dagen som den kjem

MEN

Tvingar meg opp etter altfor få timars søvn
Rekk ikkje dra opp rullgardina
Må vekke jentene, finne ut kva eg skal ha på meg
Styrte ned trappa
Angre at eg ikkje orka å smøre matpakke i går
Kaste mat ut av matboksar "på lagring" i skulesekkane
Håpe på nokre minutt åleine på badet
Raske avtalar om hentebringetenesten
Leite etter nøklar...
Kome litt for seint på jobb
Handle på veg heim
Skunde meg
lage middag til dei som leitar djupt i skuffene etter "nødproviant"
Ikkje ete i sofaen framfor TVn!
jaja berre i dag
Mase om lekser spør dei i lekser segne om litt
Sette i gang bringehentetenesten
Leite etter nøklar...

Endelig heime
nøklane...
Vite at det er litt att av kvelden
Finne ro ilag
God natt til Jentene mine
som held meg "jorda" - utfordrar og gir dagane meining
Held meg fast når eg er rastlaus
Minner meg om å vere tilstades
At malinga kan vente litt - men berre litt

>

LITT MEIR OM MEG

Eg har budd i Ålesund sidan 2001 og er aktiv her, med full jobb på UPA (ungdomspsykiatrisk) og på sjukehuset for born og unge som er til behandling. På begge stadane får born og unge jobbe med å uttrykke seg kreativt gjennom maling, teikning, sløyd og foto, og dei får hjelp til å jobbe med fag, og følge med på det heimeskulen jobbar med.
I tillegg til dette kjem arbeidet mitt på atelieret. Det vert mykje kreativ jobbing, noko som er både tappande og livgivande. Musikk har også alltid vore viktig for meg, og eg er med i Skruk og vokalgruppa Halv8

Eg vaks opp i Volda, med kreative folk rundt meg. Desse åra gav meg både innsikt i, og ynskje om, å jobbe meir med kunst, men eg hadde nok med musikken, vener og skule. Eg budde heime til eg var ferdig med vidaregåande. Då flytta eg til Oslo, og sidan Bergen, der eg tok lærarutdanning med musikk. I mange år var det arbeidet som lærar, musikken, og etterkvart borna, som tok all tid. Ynskje om å jobbe meir med det kreative kom etterkvart, og siste 15 åra har eg jobba hardt for stadig å kome vidare og verte betre i arbeidet med billedkunst. Då vi etter mange år i Bergen flytta til Ålesund, var eg klar for å ta to år ved Ålesund kunstfagskule. Gode kreative år, som resulterte i eige atelier i byen, og klare tankar om vidare arbeid.

Sidan eg flytta til Ålesund har eg fått gode kontakter, og får stadig nye oppdrag, både for privatpersonar, bedrifter og som kurshaldar. Eg er heldig, men det krev tid og energi. Å stadig kome seg vidare og utvikle seg krev arbeidsdisiplin, og då kan ein ikkje gå og vente på inspirasjon! Eg må ofte "ta meg saman» og kome meg til atelieret i byen etter allereie lang arbeidsdag. Gå opp dei 4 etasjene i sjøbuda, få på lys og varme, sette på vatn, leite fram lerret/skisser, og sette meg ved staffeliet. Alltid kjenner eg ei ro og ei slags forventning når eg endelig sit framfor eit tomt lerret, og veit eg har timar framfor meg. Nokre gonger er det lett å male, andre gonger sit eg i timevis og malar, men resultatet "stemmer ikkje" og vert sett tilside. Eg har likevel vore i ein prosess. Livet byr på korte streif av lykke, og perioder med vanskelege utfordringar! Alle opplevingar lagrar eg og tek fram i arbeidet med bilda mine. Eg malar både abstrakt og i ein abstrahert figurativ stil, men aldri med tittel på bilda. Eg gler meg over undringa eit maleri kan skape, og er glad om nokon finn eigne motiv i det eg lagar.